top of page
Search

ÅRSMØTEINNKALLING

Innkalling til årsmøte i Sunnmørsk Klatreklubb 2023 (Innkallinga er sendt ut til alle medlemmar på epost) Styret kallar her inn til årsmøte i Sunnmørsk Klatreklubb. Årsmøtet vert tysdag 28. mars, klokka 19:00 på Aasen-tunet i Hovdebygda. Saker som eit medlem ynskjer å tatt opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 13. mars på epost til kontakt@sunnmorsk-klatreklubb.no

Innkomne saker vert presentert av forslagsstillar der dette er naturelg. Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på www.sunnmorsk-klatreklubb.no.

Ynskjer du å stille til val til ein av plassane i styret?

Ta kontakt med valkomiteen ved Sindre Dimmen, Ajla Deric og Veronica Kvalen Pilskog.


For å ha røysterett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst éin månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om røysterett, valbarheit, forslagsrett mv., sjå vedtektene § 5 til § 8.



For styret i Sunnmørsk Klatreklubb


Øyvind Festø

Driftskoordinator




59 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page