top of page
Search

Blåfjellnytt frå Tore Lundberg!

Klatrevener!


Med drill frå Klivrelaget og boltar frå SKK, er klatretilfanget auka muneleg her ute:


Høgre del:


2 nye bb ruter på Forkleet: Pinse og Solsnu


2 nye ruter mellom forkleet og tradområdet

- Svinøy, 2 tl, 6+ bb, 6- mix

- Skorpå, 2 tl, 7- bb, 6+ mix


3 nye ruter og 1 variant på venstre del av tradområdet

- Egg, 30m, 6, 1bb (som også kan brukast på Egg med skjegg); kryssar EmS

- Rett, 30m, 6, 3bb, 1 fjellbolt; går forbi 1.snufeste

- Opp, 30m, 6+, 2bb, 2 fjellbolt (litt modig)

- Variant, 10m, 7-, 2bb; thf Egg og rett opp til traversslutt på Talerkenkanten


4 nye ruter i høgre del av tradområdet

- Tynt, 25m, 7-, mix (2bb, små kilar&cams)

- Kvit stripe, 2 tl, 6 mix (2bb, 2 fjellbolt), 6 mix (2bb, 1 fjellbolt).

(1bb rett over stand sikrar variantar i 2.tl)

- Krå, 25m, 7-, mix (4bb)

- Flak, 25m, 6+, mix (5bb)


Kva er greia med mixruter?

Vel - bb der ein kan bruke naturleg sikring er ei absolutt synd; svært uetisk!

Det er ingen menneskerett at ei rute skal vere heilbolta fordi der er nokre få bb.

Eller fordi området forøvrig er sportsbolta.

Mange av dei beste klatreområder i verda har mykje mix.


Er Blåfjellet utklatra, no? Kanskje; men fleire flater opp i der over tradområdet!



262 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page