Search

Eit klatreår - Årsberetning frå æresmedlem Tore Lundberg

Vinteren ‘20/‘21 var tørr her ute i havgapet. Det var muleg å klatre ute kvar veke. Eg trur det berre vart 2-3 turar til Arenaveggen i Ulsteinvik og 5-6 runder i lødeveggen min. I snitt 2 turar til Hide/Blåfjell kvar veke.

Med fast tau frå topphammaren over svaveggen, var standard runde omlag 100m. Ein gong heilt opp; dvs 40m sva og 20m overheng, og ein gong til opp svaet. Heilt til eg var med Kjetil til Kopphammaren trudde eg denne rutinen min var god nok vedlikehald. Litt meir om det seinare.

Både SKK og Klivrelaget leitar etter lavlandsklatrefelt med naturleg sikra ruter. Eg har jakta rundt på øyane her ute etter vi flytta ut i ‘18 - med magert resultat. Ein fjelltur opp brattesida av Hidsegga frå Hidsneset viste ryggane austom Hide/Blåfjell i nytt perspektiv. Frå påske jobba eg jamnt og trutt med å utvikle Storegga. (Sjå artikkel her). Flotte naturleg sikra ruter, men med nokre få boreboltar.

Sommaren var plotta inn med 3 vekesturar - og alle 3 turar fekk lageleg ver! Først drog eg og Halfdan til Uskedal der vi traff Lars Otto, men også Øystein, Stig Petter og Kjell. På veg nedover stansa vi på Storehesten i Sunnfjord og gjekk ei av dei nye, kortare ruter til i høgre i veggen. I Uskedalen fekk Lars Otto velge rute i Øktertindveggen. Men anmarsjen til innsteget var lang og uryddig. Vi ombestemte oss raskt! Sidan vi då sto ved starten av ‘En midtsommernatts drøm’, gjekk vi den i staden. Så gjekk vi 3 ruter på Vetletindpillaren; det er eit stjernefjell!

Vel heime viste slitasjen seg; ein stor klump på storetåa som pressa den inn mot resten av tærne. Smerter under foten gjorde den heilt ubrukeleg. Men - krykker, større sko og Voltaren ordnar vel dette, eller? Berre på kort sikt viste det seg. Klumpen var ei syste som vart operert vekk på hausten.


Tidleg i august er foten svakt betre. Tur med Kjetil denne gongen. Midt på dag er vi under Storehesten. Planen var 2 dagar og 2 ruter her; ei lang og hard, og ei lett og kort. Eg får bestemme og det vert den lange og vanskelege ruta ‘Kristine’ som kompisen vår Ole opna ca ‘90. Anmarsjen er kort, og innsteget litt vanskeleg å finne. Det er anna geologi her; devonsk sandstein som på Hornelen og rundt Ålfotbreen. Sandsteinen er ikkje så lett å lese som granitt.

Alt i 2.tl forstår vi at Molladals-racket er for magert i store storleikar. Men - vi har funne lina og oppdrifta er god! Etter cruxet legg fjellet seg, men vert kompakt. I staden for å sjå på føraren, trur vi at vi skal til høgre. Ikkje lurt, men vi finn att rett veg like under toppen. Klatringa har gått greitt og radig, men kl er 22 før vi er på sjølve toppen. Og vi har gjort opp rekning utan vert; det mørkar og vi må gå anna veg ned enn meg og Halfdan i juni. Først vest og nord med litt lys frå vesthimmelen, så mørkare mot aust og til slutt bekmørkt mot syd. Eg overnattar i Dagsturhytta medan Kjetil stirrar nedover og må nærmast krype tilbake til bilen i eit overhendig regnver; kvar kom det i frå?

Det vart ikkje kort rute dagen etterpå, men ein flott biltur via Høyanger og Vikafjellet til Uskedal. Ei av rutene vi gjekk her var ‘Dronning Mauds land’ som Kjetil var med å opne i ‘91. Siste veke i august drog eg til Andersnatten med Frode G. Eg var der med Iver G ca ‘02, men då psyka vi ut midt i 4.tl på ‘Den kvite stripa’. No er vi i vater, men vert liggande bak eit anna lag. Neste dag mot Hægefjell, men vi kjem ikkje med ferga og må køyre rundt Nisser. Då passar det med støt på ‘Spionfuhre’ som eg har klatra 2 gongar før. Sist psyka eg ut i 5.tl og denne gongen i 4.tl - kvar skal det ende?

Fantastiske turar opp ‘Mot sola’ og ‘Hægar’ - og nesten ikkje knott på campen. Vi avsluttar på bycragget i Tvedestrand der Frode har hytte. Der møter eg alvoret! Psyke, rutine og oppdrift på naturleg sikra ruter borgar ikkje for mykje på sportsruter!

@ Hausten har vore våt og sur her ute. Etter oktober har det ikkje vore muleg å klatre ut. Eg måtte krype i det sure eplet og gå til Arenaveggen. Men eg har lagt inn eit ekstra gir; eg gjer det 3 gongar i veka - og det virkar. Eg klarer meg betre i bratthammaren over svaet på Hide/Blåfjell.

Så - eg klatrar litt meir, men trenar ikkje!


-Tore L-


212 views0 comments