Search

Førjul i Toskefloget

Undeteikna og Rune Fet var ein kort tur i Toskefloget førre helg med perfekte forhold. Etter litt sol på veggen er det klatrbart her heilt ned i negative grader, denne tida er det sol frå ca 12 til 13.30. Det må seiast at det er ei realitetsorientering å klatre ute på stein etter ei lengre periode på farekodar innandørs.


Innanfor vår begrensa tidsramme klatra vi to ruter i høgre del, "På kanten" og "Julenøtter", som har namnet sitt frå tidsrommet den vart gått. Dette er ei god påminning om at Toskefloget er eit heilårsfelt, om ein har godt veir.

Merk at ved kalde dagar kan det sive ut noko is på utsatt stader på veggen, sjå nøye på veggen frå trygg avstand før ein går til innsteget. Ha med hjelm og nyt opplevinga!




Beste helsing Anders Lundberg

160 views0 comments

Recent Posts

See All