Search
  • Ajla Deric

Forklaring til nokre lokale buldrefelt på "27Crags"






Biletet til høgre finn ein på appen «27 Crags», er du ein av dei som har prøvd å finne ut kvar buldrefelta faktisk er? Då er du ikkje åleine. Av ulike årsaker ligg desse heilt malplassert og består av heile 4 felt.

Vi startar med feltet som ligg i Volda(til venstre i kartet): Første felt/bulder som dukkar opp her, ligg ved Runde fyr. Dette er freda område, så denne kan vi prøve å unngå.








Den neste ligg på Grevsneset (sykkel/gangtur frå Volda sentrum): dette feltet har to steinar som er etablerte (sjå kartutsnitt). Ps: spør grunneigar om tillatelse då den eine og flottaste av steinane ligg langs vegen, mellom husa.

Det tredje feltet vi får opp er ein stein i Aldalen (Stammehøvding). Denne ligg 4m frå vegen opp i Aldalen. På "hovudsteinen", finn du «Stammehøvding», som er verdt eit forsøk. Hugs pads og spottar! Der er også eit par andre steinar der, men desse er ikkje pussa like godt. På biletet under finn du kvar i Aldalen desse steinane er:

Det neste feltet (ja, framleis på den som "ligg på Klepp i volda" på kartet) finn vi Aurstadfeltet, som har vorte omdøpt til Haraldfeltet. Denne ligg berre nokre hundre meter forbi Aurstad camping inne i Austefjorden, på oppsida av vegen.


Steinane er store og lette å sjå, der dei ligg under kraftlinje, 10meter frå vegen. Harald som eigde der, har laga parkering for oss buldrarar , planért og drenért, det er ikkje verst.


Parkeringa er også på oppsida av vegen og kjem litt brått på. Plass til ca 6 bilar. Men det er altså steinen lengst til venstre vi finn på desse bilda og heile 19 linjer er på denne. + 2stk på den lille nabosteinen. Ps: ein del av sitstartane kan verke litt vél høge. Dette fordi planeringa skjedde i etterkant av etablerte bulder.

Så over til felt 2 på det første kartet, kalla for "Austefjorden". Dette er det same feltet, som Haraldfeltet, men tek for seg kun Haraldsteinen, som ligg fram til høgre for parkeringa når du tek av frå hovudveg. Fleire nydelege linjer her. Same kart som over.



Ps: det er ein buldreførar på veg. Men vi treng hjelp av de der ute, då enkelte av felta har kjempepotensiale til fleire bulder og feite linjer.

Dette gjeld spesielt Haraldfeltet, nemnt over(den store steinen ved parkeringa, er ingen etablerte bulder på-slå deg laus) og Ner- Saure ved Bjørke


Vi håper å få gjort ein del no på vårparten mtp pussing og etablering av nye linjer. Bli veldig gjerne med.


For spm om fleire av dei andre felta, ta kontakt med Sindre Dimmen, 99696853.




131 views0 comments

Recent Posts

See All