Search

Frå boltekurset i Aldalen 23.-24 oktober


Sist helg vart det arrangert boltekurs i Aldalen ved nye øvste-feltet. Henning Wang var utsend instruktør frå Noregs klatreforbund. Bakgrunnen for kurset var å gi fagleg utbytte til dei som deltok, samt fornya og halda ved like klatrefeltet. Kurset gjekk over to dagar, laurdag 23. – søndag 24. oktober.


Medlemmer av Sunnmørsk Klatreklubb fekk moglegheit til å vere med og lære å bolte nye ruter og lære korleis ein gjer det ved re-bolting. Det vart òg gjort ein solid jobb med rydding og sjauing i underkant av nye øvste felt, og dessutan reinsing av torv og stein. Eit felt med stort potensial. I alt vart det lagt opp tre nye linjer frå ca. grad 3-5. Utvidinga av feltet passar fint for dei som skal i gang med å klatre ute på led for først gong, og rutene er også godt eigna for born og unge!


Med erfaringa som Henning Wang sit inne med vart det eit interessant og lærerikt boltekurs. Surt og kaldt vær, gjørmete tau og småkalde fingra var oppsummeringa av vêret, ifølge Sindre Dimmen. Sjølv om vêret ikkje stod til forventningane var det likevel ei sosial samling der arbeidet og ein skvett kaffi heldt varmen i kroppen til deltakarar og kurshaldarar, Oppsummerer han.


Kurset var gratis for medlemmer av Sunnmørsk klatreklubb og vi vil oppfordra til at fleire som dette er relevant for tek kontakt neste gang det blir halde eit slik kurs. -Nettopp for vidare utvikling og etablering av nye ruter, og dessutan det sosiale ved slike kurs.








196 views0 comments

Recent Posts

See All