top of page
Search

Fribestigning på Lødøysteinen (9-) og ruta superjam (9-) i Molladalen denne sesongen

trymbs

Innlegget bærer preg av uttrykket bedre sent enn aldri. Julie lykke som er ein aktiv klatrar i Sunnmørsk Klatreklubb har trekt i taua og det har vore gått to harde ruter i fri denne sesongen. linjene er på Lødøysteinen og i Molladalen. Begge rutene har vore tidlegare prosjekt som no har vore gått i fri og grada er sett i 9- for dei to linjene.


Når det gjeld Lødøysteinen som ligg i Skorgeura er det berre to linjer som går opp den overhengande steinen. Det var Yngve Røe som rundt 1991 bolta begge rutene på Lødøysteinen. Han flytta seinare frå Volda og fekk ikkje gått nokon av linjene. Jon Hjorthaug fullførte dermed ruta Kløvertun 8/8+ som lenge var ein testpiece i omerådet. Den andre linja vart lenge ståande ugått i god stil inntil i år.


Første bestiger er Kristoffer Klev, Oslo basert klatrar. Den bolta linja som lenge sto ugått er no sett i grad 9- med namn Lykkerus og vart gått April 2022. Linja er per no den hardaste i nærområdet og er ein naturleg testpiece for dei sterkaste. Steinen er 15m høg og overhengande.


Ruta Superjam i Molladalen som er på Superveggen vart først besteget i mai 2003 av Åsmund Vaage og Steinar Holden. Ruta sin siste taulengde har dei seinare åra vore klatra teknisk. Han består av eit risset som skjer seg gjennom eit takoverhenget, og vart denne sommaren (August 2022) klatra "onsight" av Erik Grandelius.


Han sette ruta i 9- som er ein utruleg sterk prestasjon!! Superjam er dermed friklatret og blir "ein av dei" hardaste enkelt taulengdene på ein flertaulengdersrute i Noreg. Taulengden er den hardaste i Molladalen som er klatra på naturlege sikringar. Julie lykke var og med på denne bragden og klatra fleire av dei tidlegare taulengdene og la opp slik at det vart smash på crux lengda, ho følgde òg etter på crux lengda med berre eit lite "heng" i tauet.


Lødøysteinen, Foto: Julie Lykke


Instagram innlegg av Erik Grandelius frå fribestigningen av Superjam




 
 
 

Comments


bottom of page