top of page
Search
Writer's pictureAjla Deric

Innkalling til årsmøte 2021

(Innkallinga er sendt ut til alle medlemmar på epost)


Styret kallar her inn til årsmøte i Sunnmørsk Klatreklubb.


Årsmøtet vert den 17. februar, klokka 19:00 på Aasen-tunet i Hovdebygda.


Saker som eit medlem ønskjer å tatt opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 3. februar til kontakt@sunnmorsk-klatreklubb.no på eigen mal (sjå mail frå SKK).


Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på www.sunnmorsk-klatreklubb.no.


For å ha røysterett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst éin månad, og ha betalt kontingenten.

Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om røysterett, valbarheit, forslagsrett mv., sjå vedtektene § 5 til § 8.



Velkomne til årsmøte!


Med venleg helsing Styret

28 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page