Search

Kjetil Mo Solbakken utnevnt som æresmedlem under årets lysbildesamling

Laurdag vart den tradisjonsrike lysbildesamlinga på Standalhytta arrangert. I år er det særs gledeleg, sidan det i fjor ikkje var mogleg å gjennomføre samlinga. Med 48 påmelde medlemmer klare for god mat, klatrehistorier, og skrøner var det duka for fest (Det vart det!).

Ekstra spesielt var det denne gongen at Kjetil Mo Solbakken fekk sin hyllest som Æresmedlem i Sunnmørsk klatreklubb. Rollene var snudde frå 2020 og det var Tore Lundberg som denne gongen heldt ein appell og overakte beviset på Æretsmedlemskapet."No blir alt gratis i klatreklubben for deg òg, bortsett frå denne treningsavgifta" forklarer Tore. Det er andre gong det blir utnamnd ein æremedlem i klubben. Sunnmørsk klatreklubb har dermed to velfortente og kvalifiserte æresmedlemmar i Både Kjetil Mo Solbakken og Tore Lundberg.


Kva Kjetil har gjort for klubben, og kvifor er han no æresmedlem?

-Han har vore pådrivar for innandørs treningsanlegg og var primus motor for bygginga av Klatresiloen i Volda.

-Han har bidrege med bolting og rydding av mange utandørs klatrefelt i nærmiljøet i Volda og Ørsta, og vore med på å etablere ruter mellom anna i Molladalen.

-Han har sete i styret i SKK (samanhengande!) i 26 år, og vore heilt avgjerande for klubben si drift og vekst.

-Han har stilt opp for nye medlemmer i klubben og raust bidrege med det han har av kunnskap til alle som spør om beta, tips og råd.


Lysbildesamlinga vart første gang halden i 1977 og har vore ein årleg sosial samankomst for klatrarar i miljøet på Sunnmøre, der fjorårest utgåve(covid pandemi) ikkje vart gjennomført. Som overskrifta lyder har det vorte vist bilde med lysbildefremkalling av klatreeventyr frå stort og smått. Dei seinare åra har det gått over til bruk av prosjektor, med eit heideleg unntak av Tore Lundberg som tviheld på den 40 år lange tradisjonen med å bruk lysbildeframvisaren. Dette gir heilt klart eit nostalgisk blik på klatreeventyra.


Tusen takk til alle som bidrog med bilete på samlinga i 2022, takk for god mat, dans og turning, og gratulerer til Kjetil som ny æresmedlem!
















230 views0 comments