Langhelga torsdag 1. til søndag 4. juni er det duka for klubbtur til Bohuslän i Sverige. Klubben har hyra eit hus via Air-BnB.
Bohuslän (ofte forkorta Bohus) er Nordens mest reindyrka crag-område for naturleg sikra klatring. Det er fleire buldrefelt i området for dei som likar det.
For dei som ynskjer overnatting i huset vert det ein eigenandel på 500,- for heile opphaldet. SKK-medlemskap er ein føresetnad for vere med.
Du kan tinge overnatting i appen Rubic Connect (innlogging gjennom vipps), eller logge inn via nettleser her.
KLATREINFO:
Her er eit innlegg om Bohuslän på Geir Arne Bore sin blogg, Drammensgranitt.
Her er 27crags si side om Bohuslän.
Gryttr er ei flott side med førar for buldringa i området.
Martin Larsson er SKK-styret sin svenske, og han kan by på informasjon både om klubbturen og klatringa i området.
Sett deg inn i, og respekter historie og lokal klatreetikk.
Ellers:
Prøv så godt du kan å parkere bil utan å krenke eller hisse på deg grunneigarar.
Ta bilder og lag presentasjon til lysbildesamling 2024.
Comments