Search

Lysbildesamling på Standalhytta 26. februar!

Det er endeleg duka for påmelding til Lysbildesamlinga 2022! Det er plass til fleire lysbildeframsynarar, så om du sit på smått eller stort av interessante bilete så er det fint om du melder til driftskoordinator på drift@sunnmorsk-klatreklubb slik at vi får det inn i køyreplanen.


Du melder deg på HER og betalar for det du ynskjer av overnatting, middag og frukost. Innlogging i Rubic gjer du enkelt med telefonnummeret ditt via vipps.


SKK har sett aldersgrense 18 år på dette arrangementet.


Hytta opnar for innkvartering klokka 13:00. Når det gjeld soveplassar er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld, men alle sengene vil måtte brukast, så det vert ikkje høve til å reservere einerom.

Program:


17:00 - Middag (Om du vil noko anna enn vatn i glaset så stiller du med dette sjølv)

18:30 - Første økt lysbilete

19:30 - Pause og utlufting

20:30 - Andre økt lysbilete

Romma skal vere rydda og reine klokka 12 neste dag.

Ansvar for oppvask etter måltid og reingjering av fellesareal vert fordelt før middag.

For praktisk info om standalhytta: https://aask.no/standalhytta/


Vel møtt!

144 views0 comments

Recent Posts

See All