Mix-klatring i nærheten av Toskefloget
For dei aller ivrigaste/sprekaste med isøks og stegjern, har det vore utvikla eit mix klatrefelt i Volda, like ved sportsklatrefeltet på Toskefloget. Glenn Edvardsen har per no bolta opp 4 linjer med toppanker.
Linjene er bratt og byr på hard/seriøs mix-
klatring. Ikkje ferdig bolta eller rensket, så stikkord er absolutt løst og seriøst - "sitat kreatør".
Linja til venstre er ca m7 og den bratteste er rundt m8/m9. Dei andre linjene har ikkje vore testa. Med 5 minutts gonge frå bommen på Andaneset i retning Toskefloget, ser ein feltet opp til venstre.