Search

Nytt styre i Sunnmørsk Klatreklubb

På årsmøte i Sunnmørsk Klatreklubb tysdag kveld blei det valt inn nytt styre.


Det nye styret er slik:

Styreleiar: Daniel Garden Nestleiar: Veronica Pilskog

Styremedlem: Ajla Deric

Styremedlem: Sindre Dimmen

Styremedlem: Halfdan Strømgren Styremedlem: Ida Christin Eriksen

Styremedlem: Eskild Skov Pedersen

Varamedlem: Raymond Welle

Varamedlem: Jørn Håskjold


Sunnmørsk Klatreklubb hadde 670 medlemmar per 31.12. Det nye styret i Sunnmørsk Klatreklubb trur også 2021 blir eit år med høg aktivitet.

  • Klatrehallen i Ørsta og klatrehallen i Volda har bidrege til at interessa for klatring har eksplodert. Vi hadde 114 deltakarar på brattkortkurs i 2020, og så langt i år har vi allereie køyrt fleire fulle kurs, seier styreleiar Daniel Garden, og legg til:

  • Vi skulle gjerne ha invitert publikum i større grad til klatrehallane og aktivitetane våre, men må halde tilbodet særs begrensa no under covid-19. Minner likevel om tilbodet om drop-in fire dagar i veka fordelt på Ørsta og Volda. Moglegheitene for å prøve hallane er der, seier han.

Med tilsettinga av Øyvind Festø som driftskoordinator har klubben moglegheita til å auke aktiviteten og gi medlemmane eit enda betre tilbod.




På bildet:

Bak f.v: Eskild Skov Pedersen, Daniel Garden, Sindre Dimmen, Ida Christin Eriksen Framme f.v: Ajla Deric, Halfdan Strømgren, Jørn Håskjold, Veronica Pilskog


291 views0 comments

Recent Posts

See All