Search

Oppdatert: Storegga på Hide

Klatrevener Har ikkje sett nokon som har teke opp mekke-utfordringa på Storegga etter forrige rapport derifrå i ‘21. Eg har derfor halde fram med å mekke på mitre/høgre del av klippa. Veldig klatrevennleg fjell der og; ribber og sprekker, men ikkje overflod med lister. Sikring er mix, men med få boltar. Rutene på biletet er nye av året og er ikkje døypte enno:

Raud, 30m, 6-, nat Grøn, 50m, 6, nat & 1bb (som vert stand) Blå, 15m, 7, mix (2bb) Gul, 20m, 5+, mix (1bb) Brun, 25m, 6-, nat Lilla, 45m, 6+, 5+, mix (2bb, bruk 1.bb på Blå), variant tv 1.tl, 7-, mix (1bb) Lys blå, 25m, 7, mix (6bb) Der er nokre flekkar med svartlav som bør pussast, og sprekker som må rensast. Der er også nokre blokker i 2.tl Lilla som må bikkast ut (hunden stod under meg). NB Sprekker er diskontinuerlige med lommer som krev cam’s meir enn kilar! PS1 Her er plass til mange fleire ruter, særleg i høgrekant av biletet og svaet midt på. PS2 Eg vonar klippa vert spart for reine sportsruter; snakk med meg om stil! ToreL, Moltustranda

219 views0 comments