Search

Restriksjonane er fjerna!

Bent Høye har folda tommestokken sin fint saman og lagt han vekk. Restriksjonane er fjerna og Noreg er tilbake i normaltilstand. For klatrarar i SKK betyr dette:

  • De treng ikkje booke time i MakePlans for å klatre i hallane.

  • Det er ingen avstandskrav i hallane.

  • Det er ikkje lenger noko max-tal på klatrarar i hallane.

  • Vaktene sikrar på drop in.

  • De MÅ ikkje sprite hendene i tide og utide (men dispensarar kjem til å stå framme ei stund til, og ein sprut med antibac har aldri skada nokon).

Medlemmane har vore flinke til å halde reglar og lytte til beskjedar under heile pandemien. Dette har ført til at klatrehallane i Volda og Ørsta har vore smittetrygge og gode møtestadar. Tusen takk for innsatsen. Dette klatra vi oss gjennom saman!




39 views0 comments

Recent Posts

See All