Search

SKK søkjer kommunikasjonsansvarleg

Sunnmørsk Klatreklubb søkjer etter frivilleg kommunikasjonsansvarleg. Mange av oppgåvene i klubben er drive av frivilleg innsats, der vi kompenserer dei som ønskjer å forplikte seg ekstra, ved å dekke årskort. Vakter, verv og instruktørar er dømer på slike. No treng vi ein kommunikasjonsansvarleg:



OPPGÅVER:

  • sørge for at informasjon i hallane, på nett og til medlemer forøvrig er oppdatert, korrekt og lettfatteleg

  • avdekke behov for formidling, lage nyheitssaker og publisere desse

  • skrive pressemeldingar

  • sørge for at SKK sin aktivitet er kjent blant medlemene, lokalsamfunnet og norsk klatremiljø

  • promotere klubben sin aktivitet, tilbod og bidra til klubbattraktivitet

  • besvare henvendelsar via some

KVALIFIKASJONAR:

  • klatreerfaring (inne og ute)

  • journalist-/mediaspire i magen?

  • språkleg stødig

  • digitalt erfaren (nett, some mm)

VI TILBYR:

  • ei kjekk fritid i ein av landets største klatreklubbar

  • årskort til SKK sine hallar (verdi 2900,-)

  • erfaring frå organisasjonsdrift

KONTAKT:

  • Driftskoordinator Øyvind Festø, tlf 90 66 58 56, drift@sunnmorsk-klatreklubb.no

  • Styreleiar Daniel Garden, tlf 99 71 61 93 garden.daniel@icloud.com

109 views0 comments

Recent Posts

See All