SKK treng vaksne til å drive barneklatring
- Jul 2, 2021
- 1 min read
SKK søker foreldre eller andre vaksne med brattkort som kan tenkje seg å ha vaktansvar i samband med barneklatring til hausten. Du må også kunne framlegge standard politiattest for frivillig arbeid med mindreårige.
Målet med å ha barneklatregrupper er å skape ein sosial møtestad for ungane der dei kan oppleve klatreglede og meistring saman. Sunnmørsk klatreklubb ynskjer å vere ein klubb for alle, og difor er det viktig for oss å få istand eit tilbod også for dei yngste.
I starten ser vi for oss ei gruppe i Volda og ei i Ørsta. Aldersgruppa for barneklatringa er 1.-4.-klasse. Som vakt vil du og eit par andre vakter ha ansvaret for rett bruk av utstyr og sikring av ungane som er med på gruppa. Tidspunkt og vekedag er enno ikkje fastsett. Innsatsen vert kompensert med dekka treningsavgift for deg.
Det er viktig å sikre at tilbodet vert oversiktlig og trygt. Vi tenkjer difor at gruppene skal vere sett saman av minst 3 vaksne og maksimalt 12 born. Vert det stor interesse så vil vi vurdere om vi startar opp fleire grupper.
Er dette av interesse for deg? Send ein epost til drift@sunnmorsk-klatreklubb.no eller ring driftskoordinator Øyvind Festø på 90665856 dersom du har spørsmål om opplegget.
PS: Påmeldinga til barneklatringa er ikkje opna enno. Vaktene må på plass først :)

Comments