Search
  • drift319

Våronna på Hide


Sola var på plass denne helga og både folk og fe gjer seg klare til ein ny vekstsesong. På Hide var både bønder og naboar ute i hagane og på markane sine for den årlige våronna. Tida då ein ryddar, fiksar ogbørstar støv av ting og ymse som har vore forsømt gjennom den lange vinteren. Ikkje ulikt det tre klatrarar hadde tenkt å gjere denne nydelige aprildagen.

Følelsen av å vere åleine på cragget tidlig i April er uslåelig. Ein kan føle seg heldig at ein har klart å legge skia på hylla for sesongen og få kjenne på fjellet igjen. Planen vår var kos. Og klatrefeltet ytterst mot havgapet gir akkurat dette. "Introsvaet" (5) stod først for tur, nydelig klatring som gradvis aukar i vanskegrad mot toppen. Sjølv om "Børre Kengeru" (5) er litt tyngre, kan den gi følelsen av å vere litt lettare i våronna, sidan den er litt meir rett opp og følger ein rett og intuitiv linje. Dette er ein perfekt kandidat om ein har sett for seg å starte med ledklatring ute, eller som oss, treng å børste støv av forsømte ferdigheiter.



"Sjekketrikset" er også ein flott 5’ar rute som byr på ganske jamn klatring. Merk at den har blitt kryssa av ei nyare rute ca 1/3 opp. Ein må då halde seg mot høgre der ein ser at det same «terrenget» forsett, om ein går feil og går for rett opp merkar ein fort at klatringa vert ein del hardare.



Desse tre rutene gir ein fin og enkel start på sesongen eller for ei snildare økt.

Lenke til skjermbilde av klatreførar, oppdatert med nye ruter.

https://b699dd2d-109f-4db8-bed8-75a3dc1bc46e.filesusr.com/ugd/e70202_d3f27bb6efb84ee493a3052059dd1ad7.pdf

Ei anbefaling for ein tur til Hide/Blåfjellet vil vere "Børre Kengeru" (5), "Villsau" (første lengde 6+), "Bonden" (6) og ultraklassikaren og ein skikkelig sva-test "Svart magi" (6+).


Annette, Marte og Anders


161 views0 comments

Recent Posts

See All