Valkomiteen søker etter kandidatar som kan tenkje seg å sitte i styret i Sunnmørsk klatreklubb. Dei er særleg på jakt etter kvinner!
For å sitte i styret i SKK treng ein ingen førkunnskapar eller erfaring frå tidligare styrearbeid. Det einaste du treng er ei interesse for å utvikle klatremiljøet på Søre Sunnmøre. Vi har bruk for deg som kandidat til styret enten det er fjellklatring, isklatring, buldring, sportsklatring, paraklatring, ungdomsklatring, barneklatring eller undervassklatring som står ditt hjarte nærast.
Send ein SMS til valkomiteen om du er interessert, eller om du har tips til nokon du gjerne vil ha inn i styret.
Siste frist for innmelding av kandidatar til styret er 17. februar.
Årsmøtet i Sunnmørsk klatreklubb 2022 er på Aasentunet, fredag 25. mars.
Comments