Molladalen 84.JPG

 SUNNMØRSK KLATREKLUBB

AV TORE LUNDBERG OG KJETIL MO SOLBAKKEN

Romsdal Tindegruppe si pinsesamling i Molladalen i 1984. På biletet kan ein sjå motstandsmann, skreddar og fjellklatrar Arne Randers Heen (nr. 2 fh).

Sunnmørsk Klatreklubb (SKK) vart formelt skipa seinhausten ‘74. Dette skjedde på Vellesæterhytta i Sykkylven der klatrarar frå Velledalen, Ålesund, Ørsta og Volda var til stades. Eit lite utval frå desse miljøa hadde laga eit utkast til føresegner på førehand. Knut Festø, Ola Einang, Arild Lade, Runar Paulsen og Nils Ola Skuseth var sentrale fødselshjelparar.


Dei første åra etter skipinga var SKK sitt fokus på fjellklatring med utstyr og praksis henta frå alpinismen. Ein viktig tradisjon var sommarsamling og klatrekurs ved Patchellhytta ei veke mot slutten av juli.  Ikkje uvanleg med 10-15 telt på desse samlingane. I låglandet var det ganske bra aktivitet på Magerholm og i Aldalen.


Det var to viktige hendingar på ‘80-talet som sette Molladalen på det nasjonale klatrekartet, og opna for meir aksept for klippeklatring til fjells. I ‘80 la Romsdal Tindegruppe (RTG) ei pinsesamling til Molladalen. På denne samlinga var Sydvestegga på Jønshorn opna av Iver Gjelstenli, Bjørn Magne Øverås og Tore Lundberg. I ‘84 la RTG ny pinsesamling til Molladalen. Og i løpet av 3-4 hektiske dagar gjekk Hans Ch Doseth og Ragnhild Amundsen Gullvaffla i fri, og opna Dosethruta på Randers. Hans Ch Doseth og Tore Lundberg opna Sydveggen på Mohns pinakkel, og Iver Gjelstenli og Tore Lundberg opna Smørballa.

hans chr 2.JPG

Fleire av dei rutene som vi i dag anser for å vere moderne klassikarar vart opna under Romsdal Tindegruppe si samling i Molladalen i 1984. Her ser ein Hans Christian Doseth på Mohns Pinakkel, 1984.

I 1986 vart talet på aktive klatrarar i SKK-området mangedobla då rundt 8-10 ørstingar i 20-års alderen kom på bana. Fleire av desse skulle bli viktige ressursar for SKK dei komande åra, og var pådrivarar for at klubben utvikla seg i takt med trendar innan klatring i Noreg og verda elles.

Klatring føregjekk framleis nesten berre langs naturlige risslinjer med bruk av kilar, hexar og kammar til sikring, og det var vanskeleg å finne meir klatrebart fjell i låglandet. Dei unge klatrarane ville skape meir å klatre på og sørga for at Kyrkjesteinen vart pussa for mose og gjort tilgjengeleg som klatrefelt. Dei var svært aktive i Molladalen og gjekk fleire nye ruter, og grov ut klatrebivuakken Reiulf Steen.
 

tore 80.JPG

Ny von

Nedstefeltet, 1981.

tore 75.JPG

Sofaruta, Molladalen, 1975.

I 1988 bygde gjengen innandørs travers-klatrevegg i eit bomberom på Ørsta ungdomskule. Same året kjøpte klubben batteridriven slagboremaskin slik at ein kunne sette opp trygge rapellfester i Molladalen. Året etter gav Jon Bjarte Hagen og Helge Standal ut den legendariske første føraren for Molladalen. Og i 1989 vart dei første reine boreboltrutene laga på Aurstadsvaet i Austefjorden. Første ruta vart bora med meisel og hammar, men seinare fekk ein låne batteridrillen og kunne sette ekspansjonsboltar etter berre sekund med boring. Etter dette vart ulike klatrefelt etablert på rekke og rad: I 1991 bora ein sportsrutene på Lødøysteinen. Dei første rutene i Toskefloget vart laga i 1992, og eit par år seinare byrja  ei gruppe å utvikle Nye Øvstefeltet.

tore_og_siver.jpg

I 1991 bora ein sportsrutene på Lødøysteinen. Dei første rutene i Toskefloget vart laga i 1992, og eit par år seinare byrja ei gruppe å utvikle Nye Øvstefeltet. På biletet ser ein Toskefloget (biletet er av nyare tid).

Tidleg på nittitalet forsøkte klubben å rekruttere nye medlemmar ved å arrangere klatrekurs på dugnad. Kursa var populære og oftast fullteikna, og gav pengar i klubbkassa. I 1994 kunne ein difor gå i gong med bygging av innandørs klatrevegg, det som vart Klatresiloen i Volda. Etter eit år med nesten 1000 dugnadstimar med bygging og om lag 120 000 brukte kroner kunne ein stolt dugnadsgjeng opne for innandørs klatring i januar 1995.

 

Dei første driftsåra var Klatresiloen organisert som eigen klubb under SKK med eige styre og eigen økonomi. Slik var det og for den første klatrehallen i Ålesund, og Klatresiloen i Ulsteinvik. Sjølve SKK-styret hadde til oppgåve å halde kontakta mellom klatrarane på Sunnmøre gjennom å gje ut bladet SKK-nytt med ujamne mellomrom, og ved å arrangere sosiale samkomer som årsmøte og lysbiletekveld på Standalshytta, og den årvisse klatresamlinga i Molladalen. Medlemmane i SKK var aktive fjellfolk på fleire plan, og mange var involvert i prosessen då Standal og Hagen i 1996 gav ut boka «Skiturar i Sunnmørsalpane».

I 1994 kunne ein gå i gong med bygging av innandørs klatrevegg, det som vart Klatresiloen i Volda.

I Klatresiloen i Volda auka medlemsmassen, og sakte vaks det fram eit godt lite miljø med fleire unge klatrarar som tok utviklinga vidare. I 1997 rappellerte eit par karar ned Lynveggen på Hunneset og gjekk vanskelege klipperuter. Dei neste åra vart buldring meir populært og vaks fram som eiga klatregrein. Ein bygde regulerbar vippevegg i Volda-siloen og byrja å leite fram buldresteinar ute, mellom anna på Eikrem. Klatrarane vart sterkare og gjekk stadig vanskeligare ruter. Ein la ned tallause timar med dugnad på dagleg drift av Volda-siloen med vakthald og stadig bygging, vart med i NKF og innførte Brattkortordninga. Innandørsveggane i Ålesund og i Ulstein skapte eigne livskraftige miljø kring seg og danna eigne klubbar. SKK mista difor etterkvart paraplyfunksjonen som klubb for heile Sunnmøre. Til slutt stod SKK fram som ein klubb for Volda/Ørsta og Klatresiloen og SKK vart slått saman til eitt styre og éin økonomi.

Norangsdalen.jpg

I 2012 opna Kvivsvegen, og brått vart Norangsdalen (i biletet) meir tilgjengeleg frå Ørsta og Volda. Klatrefeltet i Kopphammaren vart SKK si nye stoltheit, og har framleis potensiale for fleire ruter.

Etterkvart som åra gjekk, skjedde det ei sakte men sikker utvikling med nye ruter også i dei andre klatrefelta og i Molladalen. Det vart difor ei stor trong for ei samla oversikt over klatringa på Sunnmøre. SKK gav difor økonomisk og praktisk støtte til forfattarar av klatrebøker. I 2016 lanserte Petter Winther «Klippeklatrefører for Ørsta og Volda», og i 2018 gav Tommy Skeide ut storverket «Sunnmøre – frå Tindar til Kampesteinar». Du kan lese meir om historia rundt klatringa på Sunnmøre og personane som utvikla klatrefelta i desse bøkene.

I 2019 kunne ein gå inn i den nye moderne klatreveggen i Ørstahallen, og 2021 opna enno ein hall i Volda. Klatresiloen  vart riven, og SKK i Ørsta og Volda har utvikla seg frå å vere ein laust samanraska gjeng av 10-20 kompisar til eit velorganisert moderne idrettslag med over 700 medlemmar. Den stygge andungen har vorte til ei svane.

Kjetil og Tore.jpg

Artikkelen sine to forfattarar i same tau, Norangsdalen/Kopphammaren..