Dersom du blir med eit medlem som har tilgang kan du bruke klatrehallen medan du ventar på nøkkelkort. De må sjølv ta ansvar for å følge reglane til klatrehallane.
For å få tak i nøkkelkort må personen det står på ha betalt treningsavgift og SKK-medlemskap. Deretter må ein sende oss ein epost på drift@sunnmorsk-klatreklubb.no for bestilling. Nøkkelkort koster 100kr.
Ein kan ikkje leige klatrehallen, men dersom de er ein gruppe som ønsker å klatre utanom drop in tid kan de leige vakt.
Vaktene kostar 300 kr per time per vakt. For prisar på inngang og leige av utstyr for større grupper er det best å kontakte driftskoordinator på drift@sunnmorsk-klatreklubb.no for å avtale tidspunkt og pris.
Vi har drop in tid for ikkje-medlemer: Klatrehallen i Volda: mandag og onsdag 1700-2100 Klatrehallen i Ørsta: tirsdag og torsdag 1700-2100
Drop in er stengt i perioder på sommaren og i jul- og nyttårsferie. Sjå meir detaliert informasjon om dette på framsida.
Vi arrangerar brattkortkurs jamnleg. Følg med på heimesida vår, under "kurs" for informasjon om komande kurs.
Vi har per dags dato tre ungdomsgrupper. "5+" er ei gruppe for dei som går frå 5.klasse til 7.klasse på borneskulen. "8+" er to grupper. Desse gruppene er for ungdommar som går i 8.klasse og oppover til og med vidaregåande. Kontakt driftskoordinator Øyvind Festø på drift@sunnmorsk-klatreklubb.no for informasjon om plass. Vi søkjer foreldre/trenarar som kunne tenkje seg å starte barnegrupper og ungdomsgrupper - både i Ørsta og i Volda. Ta kontakt med styret ved interesse!
Når ein betalar medlemskap og treningsavgift får ein tilgang til begge klatrehallane våre!
De kan låne klatresele, sko, taubrems, karabin med meir under drop in tidene til klatrehallane. Leige av utstyr kostar 50 kr og må leverast tilbake før du forlet hallen.
Personar under 18 år men over 14 år må ha føresette si tillating til å bruke klatrehallen.
Barn under 14 år kan berre klatre med vaksne til stades.
Klatrehallen i Ørsta: Har to Autobelayar! Ved brukav desse pliktar du å gjere deg kjent med korrekt bruk av Autobelay og eigenkontrollrutine.
Klatrehallen i Volda: Har to Autobelayar! Ved brukav desse pliktar du å gjere deg kjent med korrekt bruk av Autobelay og eigenkontrollrutine.
SKK held publikumsope (drop-in) 4 dagar i veka i hhv Ørsta og Volda. Vaktene bemannar hallane, sikrar klatrarar og tek seg av utleige av utstyr m.m.
For å verte vakt må du ha brattkort og vere medlem av SKK. Kontakt vaktansvarleg om du er interessert.