top of page
Klatring på Sunnmøre

Sunnmøre byr på noko av landets finaste alpinklatring. Det meste er skildra i dei etablerte guidebøkene (sjå nedanfor). Men vi har også samla ein del ruteskildringar her på nettsida.

​

Fleire av rutene du finn her på sida er funne, rensa og klatra av medlemmar i klubben. Er du interessert i buldring, finn du dei fleste buldera på 27 Crags. Du kan også gjerne ta kontakte Sindre Dimmen for meir info (99 69 68 53).

​

Det er framleis gode moglegheiter for etablering av nye klatreruter og bulder. Har du ruteskildringar du gjerne vil dele, er det berre å ta kontakt. Klubben har også eigen drill og det er mogleg at få utlevert boltar til den som er ivrig for å sette opp nye ruter.

Klatrefører.jpg
Klatreførar i
bokform

Per no finst det to klatrereførarar som omtalar ruter på Sunnmøre.

​

Begge kan lånast i klatreklubben sitt førarbibliotek i Ørstahallen eller kjøpast direkte hos SKK og hos utvalde lokale butikkar.

​

  • Klatrefører for klippeklatring i Ørsta og Volda, Petter Winther.
     

  • Sunnmøre - Fra tindar til kampesteinar, Tommy Skeide.

​

WEB_Image_Klatref%C3%B8rer__Sunnm%C3%B8r
bottom of page