top of page
Ullalandshamaren¨.jpg
Nye øvstefeltet

Nye øvstefeltet er i hovudsak svaklatring på boltar, men her er også naturlig sikra risslinjer, mix ruter og bratte ruter for dei med pump i armane. Gradene varierer frå grad 5 til 8.

 

Her finn du det som kanskje er Noregs brattaste 5+, Bøtteknøtten. Denne kan du klatre med «beina på ryggen».

Å finne fram

Parkering fleire stadar, både før og etter Kvernaelva. Følg traktorveg opp mot den gule hytta (ikkje synleg frå vegen).

Ta av ein sti mot høgre 50 meter før hytta. Følg den opp mot Aaslidhytta (raud hytte). Utydeleg rås vidare.

 

Anmarsjen tek ca 10 minutt. 

bottom of page