Brede Strømme på linja Traumeland 8 Foto: Trym B. Solli
Rutene har blitt utforska hausten 22 og våren 23. Alle dei etablerte rutene har bolta snufeste i toppen. Klippen er nordvendt og får lite sollys, med andre ord har det vært ein del rensking av rissene. Nå er dei klare til å bli klatra. Det er mykje potensiale for fleire ruter og taulengder. Veggen får sol ca kl 18:30 no på våren. Nokre av rutene treng nokre dagar på å tørke etter regnvær, ettersom det sig ein del vatn i rissa. Traumeland og Draumeland tørkar fort. Rutene er rundt 25-30m lange.
1. Vertikal Botanikk, grad 6. Naturleg sikra. Følger stort dieder. FB: Brede Strømme. Kjekt med minst 2x #3 BD camalot.
2. Traumeland, grad 8. heilbolta, 12 boltar. Følger markant arét. Gåast i god stil om du held deg til høgre for diederet i starten. FB: Håvard Indrevik. ETB: Brede Strømme.
3. Draumeland, grad 8-. Naturleg sikra. Følger markant riss. FB: Håvard Indrevik ETB: Håvard Indrevik; Trym Solli.
4. Drygoline, Grad 6+. Naturleg sikra. Følger riss gjennom takoverheng. ETB: Brede Strømme, Håvard Indrevik, Joar Olstad. FB: Håvard Indrevik
Miniførar:
Parkering
Parker rett før kjøshammartunellen, og gå 300 m på gamlevegen langs vatnet.
Klippen har vore klatret på tidligere og det er etablert ein linje ytterst på klippen med borebolter. Har ikkje informasjon om denne linjen, annet enn at det går ryktet om at Tore L/ Kjetil Solbakken har vært her. Under etablering av Draumeland (8-) var det også eit eldre snufeste av kiler i midten av risset vi fortsatte på. Disse skal vistnok være av eldre sort (stubai steel 82). Ryktet går om at disse ein gong tilhøyrde Tommi Räty. Potensialet på klippen er altså stort for nye etableringer.
Me har avtale med grunneigar om klatring, men han må kontaktast dersom det skal gjerast inngrep (bålplass e.l.). Om nokon vil etablere vidare, ta kontakt med grunneigar. Infomasjon kan de få frå Brede Strømme, tlf: 94052580
God klatring!
Ja, eg har klatra opp til (bottom up!) kjempediederet der fjellet lyser i gul profil frå Grodås. 25m, mix (nat/bb), 7-, ‘15(?). Og eg fann 2-3 bb av tidleg ‘80-tal type oppider, men er rimeleg sikker på at dei var sett på topptau. For dei som vil oppi kjempediederet, er det lurt å flytte min stand litt opp og til venstre ut av fallina.
Tommi Raty rensa liner nokre år seinare; så eg trur det er det området de er i no.
ToreL