Gåvekort på brattkortkurs i julegåve?
- drift319
- 2 hours ago
- 1 min read
Har du ein slektning eller venn som har alt, og som det er vanskeleg å kjøpe julegåve til? Sunnmørsk klatreklubb har lagt ut to kurs i desember og januar. Dette er ei fin gåve til den som er interessert i å starte med klatring. På kurset lærer du å bruke autobelay, sikre på topptau og sikre på led. Det vert også ein introduksjon til grunnleggande klatreteknikk og tips om kva utstyr som passar for ein nybyrjar.
Vi skriv ut eit flott gåvekort til den du vil gje kurset til, og mottakaren av gåvekortet kan sjølv velge kva for eit kurs vedkomande ynskjer å delta på. Send ein epost til drift@sunnmorsk-klatreklubb.no for å bestille.
Melder ein seg inn i Sunnmørsk Klatreklubb får ein også gode rabattar på klatreutstyr hjå vår samarbeidspartnar Sport1 Ørsta AS.
Her finn du påmeldingslinkar til dei to kursa vi har sett opp, dersom du sjølv ynskjer å melde deg på:
Brattkortkurs 15.-16. desember:
Brattkortkurs 5.- 6. januar:







Comments