top of page
Kurs og brattkort

Grunnkurs inne (brattkortkurs)

På eit grunnkurs inne får du lære alt det du grunnleggjande treng å kunne for å bli ein trygg sikrar for klatrekompisane dine.

 

Du får mellom anna lære å sikre både på topptau og led, samt lære å stoppe fall på ein korrekt og trygg måte.

 

Du får også lære enkel klatreteknikk og klatring både på topptau og led.

 

Når kurset er fullført avsluttast med ei brattkortprøve der instruktøren ser om du kvalifiserer til å bestille brattkortet.

 

Dette er det mest vanlige kurset, og mange omtalar dette kurset som "brattkortkurset".

Oppfriskingskurs Brattkort

Oppfriskingskurset er eit kurs for deg som har brattkort frå før, men som ikkje har praktisert på ei stund.

 

På oppfriskingskurset får du rettleiing til godt sikringsarbeid og gjennomgang av dei viktigaste elementa frå grunnkurs inne

 

Topptaukortkurs

Topptaukurset er fint for deg som ynskjer å sikre born på topptau, klatre på auto-belay eller berre vil besøke hallane når det er drop-in og vaktene har hengt opp tau.

 

Brattkortprøva

Dette er prøva ein må gjennom for å få brattkortet. Her vert det ikkje gitt inngåande opplæring, så ferdigheitene må allereie vere på plass skal ein bestå testen.


Dette er den avsluttande prøven etter grunnkurset. Ei brattkortprøve er tilrådeleg dersom du har klatra ein del før, er kjent med, og har sett deg inn i krava til brattkortet.

Meld deg på kurs

Gå til kalenderen på framsiden og sjå oversikt over framtidige kurs. 

Kvifor brattkort?

Alle har lov å klatre i klatrehallane, men berre dei med brattkort eller topptaukort har lov til å sikre.

 

Det er høve til å øve seg på å sikre i opningstida når det er vakter til stades.

Vil du ta brattkortkurs. Tilmeld deg på framsiden i kalenderen.

nyebrattkortet.jpg
bottom of page