top of page
Search

Ulykkesdatabasen - eit førebyggande verktøy

2 minutes ago
2 min read

Etter Sikkerheitskonferansen 2026 kjem vi att med mange gode innspel og refleksjonar knytt til sikkerheit i klatring inne/ute og ferdsle i fjellet.


Felles for alle subkulturane innan bratt friluftsliv er at dei har eit register for uønska hendingar/ulykker. Det same registeret tek også føre seg ulykker eller nestenulykker knytt til klatring innandørs. Registeret heiter Ulykkesdatabasen og finnast på www.ulykkesdatabasen.no


Dette står i innleiinga på nettsida:


Norges klatreforbund og Norsk fjellsportforum ønsker å senke ulykkesfrekvensen og unngå alvorlige ulykker. Kunnskap om årsaker er viktig for å forebygge ulykker. Du kan hjelpe oss med dette ved å rapportere ulykker og nestenulykker. Alle innkomne rapporter blir lagt inn i Ulykkesdatabasen, og gjennomgått av sikkerhetskomiteen vår.


Det er kanskje ikkje alle som veit at dette verktøyet eksisterer, kva det vert nytta til eller kva hensikta med slik registrering er. Det kan tenkjast at denne sida fort vert nytta til å peike finger og skulde på dei som forulukkar eller er uheldige i ulike samanhengar. Slik er det ikkje, og det er heller ikkje førmålet med registreringa. Bruken av denne ulukkesstatistikken og databasen er sentral i utvikling av metodesett vi brukar dagleg i anten hobby, arbeid eller redning. Ulykkestendensar ein ikkje veit om kan ein nemleg heller ikkje nytte som grunnlag for å endre eigen praksis. Så for å vite mest mogeleg om uønska hendingar og ulykker innan klatring og bratt liv krevst det ein ting; 


Det krevst at dei som kjem i slike situasjonar rapporterer til Ulykkesdatabasen. 

Det kan potensielt redde liv i det lange løp.


Så gjer vel å rapporter i ulykkesdatabasen, inne som ute - om du kjem utfor ei ulykke eller nestenulykke. Det heng no QR-kode til nettsida i begge hallane. Gå gjerne inn sjølv om du ikkje har noko å rapportere. Du kan søke i innsendte rapportar ved å trykke på "RAPPORT" i øvre høgre hjørnet. Her kan du også sortere på type ulykker, område og ei rekk andre parameter. Veldig interessant og lærerik lesning!




Sivert Eikrem - Styreleiar i Sunnmørsk Klatreklubb



 
 
 

Comments


bottom of page