SKK treng vaktar til drop-in!
Sunnmørsk Klatreklubb er avhengig av frivillige som stiller som vakt under drop-in i klatrehallane i både Volda og Ørsta.
Som vakt får du dekt treningsavgifta for klatrehallane den tida du er vakt, og du vert ein del av eit større klatrefellesskap! Vakta går over to timar, ein dag i veka. Me har stengt i feriane (haustferie, juleferie, påskeferie, osv). Drop-in-sesongen varer frå midten av august til slutten av mai. Som vakt må du vera fylt 18 år og ha brattkort. Det vert også bedt om politiattest. Vanlegvis er du vakt saman med ein annan person.
Me treng særleg vaktar i Voldahallen, både frå 17-19.00 og 18-20.00, men ta kontakt om du er interessert i å vera i Ørsta også.
Ta kontakt med Sondre Johan Chesney Kvamme (sondrejc@gmail.com, 92892081) om du er interessert.





Comments