top of page
tore_og_siver.jpg
Toskefloget

Toskefloget ligg fem minutt med bil frå Volda sentrum og byr på mykje fin sportsklatring. Mest bolta, tørr i regn. Klippa kan vere laus så hugs hjelm.

Å finne fram
 

Klatrefeltet ligg langs Andanesvegen, ei vegstrekning som er avsperra med bom. Ein kan gå til feltet frå bommane på kvar side. 

Frå Volda sentrum: køyr Andanesvegen til endes. Parker ved bommen. Gå vidare forbi bommen, gå i ca 10 minutt. Til venstre ser du ei bratt og primitiv steintrapp som går opp frå Andanesvegen. Følg rås ca 70 m til veggen.

bottom of page