top of page
Search

Nye ruter på Nye Øvste!

drift319

I sommar, haust og den første delen av «vinteren» har det blitt jobba med utvikling av nye sektorar på Nye Øvste i Aldalen. Dette har resultert i to heilt nye sektorar og ein delvis ny sektor. Det har vore veldig god dugnadsinnsats frå mange for å få til dette. I tillegg blei det etablert ein sektor på eit boltekurs i 2021 som det ikkje har vore lagt ut informasjon om tidlegare. Ikkje alle sektorane eller rutene har fått namn, og gradane er ikkje heilt spikra. Det viktigaste er at dei blir klatra på!

Nye ruter: 21. Gamle ruter: 2. Totalt: 23 ruter.


Kursveggen

Kursveggen ligg 10 meter til høgre for Lisjesvaet. Følg vanleg sti opp til Nye Øvste (Lisjesvaet). Når du kjem fram til bålplassen ved Lisjesvaet, ser du rett på veggen. Klatringa er vestvend og tørkar raskt.

Den nedre delen av Kursveggen er om lag 10 meter høg. Her er det 6 fullbolta ruter, der fire av rutene har eigne toppanker. Dei to siste  (7 og 8) deler toppanker. I den øvre delen av veggen er det etablert to naturleg sikra ruter. Dei har førebels ikkje bolta toppanker. Rutene blei laga av «Boltekurs 2021».

Rute (V mot H)

Grad

TL

Fullbolta

Trad

Mix

Rute 1

5?

1 (10 m)

X



Rute 2

4+?

1 (10 m)

X



Rute 3

4-?

1 (10 m)

X



Rute 4

3+?

1 (10 m)

X



Rute 5

?

1 (15 m)


X


Rute 6

?

1 (15 m)


X


Rute 7

5?

1 (8 m)

X



Rute 8

5?

1 (8 m)

X



Kursveggen, venstre
Kursveggen, venstre
Kursveggen, høgre
Kursveggen, høgre

_____


Maurveggen

Maurveggen ligg om lag 30 meter nedanfor Skiveveggen. Følg vanleg sti opp til Nye Øvste (Lisjesvaet), vidare langs stien til foten av Skiveveggen, og deretter 30 meter i retning fjorden. Då kjem du til toppen av sektoren. Klatringa er sørvend og tørkar raskt. 

Maurveggen byr på svaklatring på fast fjell. Fjellet har mange krystallar og eit par store, tverrgåande riss. Det er fire fullbolta ruter, med 6–7 boreboltar og bolta toppanker. I tillegg er det tre naturleg sikra ruter, der ei av dei har éin borebolt i starten. Desse har òg bolta toppanker. Rutene er om lag 15 meter lange. Det er lett tilkomst for å setje opp topptau på alle rutene.

Sondre Pedersen og Tommy Raty har bolta rutene.

Rute (V mot H)

Grad

TL

Fullbolta

Trad

Mix

Maur i Barten

4+

1 (16 m)

X



Flygemaur

4+

1 (16m)



X

Rovmaur

4+

1 (16 m)

X



Formicidae

5-

1 (15 m)

X



Røyksopp

4

1 (15 m)


X


Maurrissius

4+

1 (15 m)


X


Røyksopp

4-

1 (15 m)

X



Maurveggen, øvre
Maurveggen, øvre
Potensiale for fleire ruter! Ta kontakt med SKK om du ynskjer å lage nye ruter her. Klubben stiller med børstar og boltar
Potensiale for fleire ruter! Ta kontakt med SKK om du ynskjer å lage nye ruter her. Klubben stiller med børstar og boltar

____


Øvreveggen

Øvreveggen ligg rett ovanfor Skiveveggen. Følg vanleg sti opp til Nye Øvste (Lisjesvaet). Følg stien i retning Skiveveggen. Rett før du kjem til Skiveveggen ser du veggen tydeleg opp mot venstre.

Klatringa på Øvreveggen er av den litt hardare sorten. Veggen er bratt og delvis overhengande. Per no er det tre naturleg sikra ruter og ei fullbolta her. Alle rutene har bolta toppanker. Veggen er vestvend og tørkar raskt.

Tommy Raty har laga rutene her.

Rute

Grad

TL

Fullbolta

Trad

Mix

Ullallaa

7+

1 (16 m)

X



Molotov

6+

1 (16m)


X


Cocktail

6-

1 (16 m)


X


Horizontal Service

6-

1 (16 m)


x


____


Prosjektveggen

Prosjektveggen ligg om lag 50 meter bortanfor Skiveveggen (mot sør, på same høgda). Følg vanleg sti opp til Nye Øvste (Lisjesvaet), vidare langs stien til Skiveveggen og ned til botnen av Maurveggen. Prosjektveggen er godt synleg frå botnen av Maurveggen. Følg ein utydeleg sti opp til Prosjektveggen. Det er òg mogleg å gå direkte til veggen ved å følgje ei brei hylle frå Skiveveggen (her er det ikkje etablert tydeleg sti, men det er rydda noko skog).

Klatringa på Prosjektveggen er svakt overhengande i starten og tilnærma vertikal i øvre del. Fast fjell, med unntak av ei blokk heilt i høgrekant på toppen av veggen (denne er ikkje naturleg å klatre på, då ruta lengst til høgre på veggen svingar til venstre for blokka). Under arbeidet kom det fram ei gammal mixrute. I tillegg er det truleg gått ei anna naturleg sikra rute her. Begge desse rutene står som dei var, men det er skifta hengarar på toppankeret og på den eine bolten som var der frå før.

«Riss x» er tynnsikra, så her kan det vere lurt å øve litt på topptau før ein går «all-in».

Det er etablert eit bolta arbeidsanker på ei stor hylle over rutene. Dette kan nyttast til å setje topptau. For å kome hit må du gå opp forbi Øvreveggen.

Rutene er laga av Stig Petter Driveklepp, Sondre Pedersen/Erik Vadla og Tore Lundberg.

Rute (V mot H)

Grad

TL

Fullbolta

Trad

Mix

Kanten

6-?

1 (10 m)

X



Trygdebeistet

6+?

1 (10m)

X



Riss X (arbeidsnamn)

?

1 (10 m)


X


Riss Y (arbeidsnamn)

?

1 (10 m)



X

Prosjektveggen
Prosjektveggen

 
 
 

Commentaires


bottom of page