Forfattar Gudmund Grønhaug har 30 år med erfaring som klatrar og 25 som trenar. Han har gjennom si forsking på klatring og skadar markert seg som ein av dei fremste ekspertane i verda på dette feltet. Grønhaug har ein doktorgrad om belastningsskadar i klatring, har presentert forskinga si på IOC sin kongress om idrettsmedisin og samarbeidar i dag med forskarar over store delar av verda.
Å være sterk og samtidig skadefri er eit ideal – for alle treningsglade generelt, og for klatrarar spesielt. Likevel klarer langt frå alle å få dette til. Mange ender opp med å få ei belastningsskade. Forsking viser at omlag halvparten av alle klatrarar rapporterer om ei eller anna skade i løpet av eit normalår. Dei som klatrar rundt grad 6 til 8 og ynskjer å verte betre får oftast problem, og det viser seg at kvinner og menn skadar seg på ulike måtar.
Mange i Sunnmørsk klatreklubb er difor i målgruppa for Grønhaug si nye bok om skadar.
Sterk og skadefri er boka for deg som har lyst til å trene og klatre riktigare for å nå resultata du ynskjer – utan å risikere kjedelige skadeavbrekk undervegs. Grønhaug tek med seg ein god bunke med bøker og ein penn for signering!
Vi kjem attende med meir nøyaktig informasjon om tid og stad når det nærmar seg!
Comments