Search

Haustklatretur

Updated: Nov 17, 2020

Av Tore Lundberg


Veke 42 var Frode Guldal, Kjell Haugeberg, Øystein og Tore på klatretur i Vestland. Turen var bestemt ei stund tilbake, og med Vårherre (veransvarleg) på laget vart dette ein veldig flott roadtrip.

Ein kort stopp på Avsnes feltet ved Sognefjorden på veg til Sotra. Feltet ligg mellom Vadheim og Lavik på ei lys sjøklippe like ved vegen. Ca 30 ruter der, 15-20m, sport. På Sotra traff vi Kjell som kom frå Stavanger. Like ved Haganes ligg 10-15 småtoppar med tradruter opp til 3 tl. Vi vitja Litoppen eine dagen og Kjerringfjell andre dagen. Området var sentralt for tradklatring på ‘70 – og ‘80 tal. Seinare er det kome til mange og varierte sportsfelt.

Vi reiste austover til Uskedal på vestsida av Folgefonna. Her ligg veggar og svaryggar på rekke og rad innover dalen. Dei er vende mot nord og aust – heilt perfekt på sommaren, men litt for kaldt når sola svinga sydover midt på dag no.

Vi klatra på Øktertind der det var sol til kl 13 (halve Midtsommernattsdrøm, Frode og Tore), og på Vetletind der det berre var sol til kl 11 (Prøvebolting, Dronning Maud land, Øystein og Kjell, og Alkymisten, Frode og Tore).

Fotos: Tore L., Øystein D., Frode G. og Kjell H.

54 views0 comments

Recent Posts

See All