top of page
Search

SKK 50 år - Lågterskel uteklatring med mentor

No når SKK vert 50 år vert dette feira gjennom heile året. Me vil mellom anna freiste fleire, både barn og vaksne, til å ta med klatringa ut av hallane og til dei flotte felta som ligg omkring i området. Tidleg på sesongen vert det difor organisert felles uteklatring fleire laurdagar i april-juni. Sportsklatring på mellom anna  Kyrkjesteinen, Nye Øvstefeltet, Toskefloget og Nordangsdalen står for tur. Ved regn er klatring på Beachen eit godt alternativ.


Frivillige med hjartet for det aktuelle feltet har meldt seg som mentorar for at du lettare skal kunne prøve deg ute. Tilbodet er tenkt som eit sosialt medlemstilbod, og er ikkje eit kurs. Dei som deltek på samlingane må altså kunne sikre sjølv. Eventuelle born må difor ha med seg ein vaksen som kan sikre. Tanken er at klatrarar med mindre erfaring frå dei lokale felta skal kunne få tips og råd om feltet sine ulike ruter på ulike nivå, og kanskje prøve linjer dei ikkje visste om.


For erfarne klippeklatrarar er dette eit fint høve til å utforske felt ein ikkje har besøkt før. Mentorane viser deg sine favorittar på det aktuelle feltet, og kan hjelpe deg med å finne ruter som passar for ditt nivå. Kanskje vankar det ein kaffetår også, så ta med deg ein brukandes kopp. I tilfelle.


Her er ei oversikt over kva felt som vert presenterte dei neste vekene.

26. April

4. Mai

Nedstefeltet

25. Mai

Toskefloget

15. Juni

Nye Øvrefeltet

22. Juni

Nordangsdalen

Alle felta er representerte i boka "Klatrefører for klippeklatring i Volda og Ørsta"


Hiv deg med og få ein flott start på utesesongen!





41 views0 comments

Recent Posts

See All

Commentaires


bottom of page