top of page
Search

Sunnmørsk Klatreklubb i Norgescup og NM i klatring i 2022

Sunnmørsk klatreklubb (SKK) har hatt tre deltakarar med i Norgescupen i l klatring i 2022. Norgescupen består av dei to disiplinane ledklatring og buldring. Ledklatring er klatring med tau der det er om å gjere å kome høgast opp i klatrerutene på ein omlag 15 meter høg vegg. Buldring er utan tau, og med tjukke matter som sikrar klatrarane. I buldring er det om å gjere å løyse flest buldreproblem, som er korte klatresekvensar med høg vanskegrad. Norgescupen er fordelt på totalt seks konkurransar. To av desse konkurransane var NM i buldring og NM i ledklatring. Buldringa var i Oslo, Kristiansand og Bergen (NM), og ledklatringa i Kristiansund, Haugesund og Tromsø (NM) no sist helg.


SKK har stilt med ein til tre klatrarar gjennom sesongen. Ingvill Kleinrath (Volda) og Sina Digernes Aarskog (Ørsta) i Ungdom(16) BC jenter (2009, 2008, 2007), og Iver Aarflot Jønsson (Volda) Ungdom (U18) A gutar (2006, 2005). Og så var det sjølvsagt nokre foreldre med som heiagjeng og støtte.


Ingvill har alt markert seg bra i tidlegare konkurransar, med ein 3. plass i nasjonal buldrekonkurranse på Lillehammer desember i 2021. Der blei ho teken ut til Norges Klatreforbund sitt utviklingslandslag for juniorar. I 2022 samanlagt ligg ho i buldring på en 6.plass av 43 deltagare, med ein 9., 6., og 4.plass. I NM i Buldring tikka ho inn finaleplass i siste sekund på siste bulder sitt, og me trur at vi som heia var mest slitne og sveitte. I Led har ho 9., 7. og 4. plass, og ligg samanlagt på ein 5.plass, av 45 deltagarar. Ingvill som er på utviklingslaget, er forplikta til å stille i heile NC og NM.


Sina har delteke ein gong i buldring (NM), der Sina enda på ein svært fin 16. plass av 24 deltakarar. Ho enda sammelagt på ein fin 29. plass av med totalt 43 deltakar, sjølv med berre ei deltaking. Sina har delteke to gongar i ledklatring. Først i Kristiansund med 21 plass og så Haugesund, der ho klatra seg opp til ein fin 12. plass. Med kun to deltakingar ligg ho samanlagt på ein fin 22.plass av 44.


Iver tok ein sterk 10.plass i NM i Buldring av 28 deltakarar, og var berre to toppar unna ein finaleplass. Med berre ei deltaking ligg han på ein samanlagt 20.plass av totalt 47 deltakar. Han ligg framom fleire utøvarar som har både to og tre deltakingar. Iver har i Ledklatring ein 10., 15. og 11. plass (NM), og ligg samanlagt på ein 11. plass av totalt 28 deltagarar i ledklatring-cupen.


For å komme med i finalen, må ein vere topp 6 i Buldring ,og topp 8 i Led. Nivået svært høgt, klatring på grad 7+ og oppover.


Dette har vore eit kjekt år med mykje sosialt på tur. Til NC i Kristiansund slo vi oss saman med Nordfjord klatreklubb, og drog med totalt 10 klatrar og 10 foreldre/trenarar. Det var ein kjekk tur, det ga meirsmak, og vi håper at enno fleire vil vere med neste gong! I NC/NM i 2023, kan dei som er fødd i 2010 og eldre være med og delta. Vi ser at det er fleire i som truleg vil vere med neste år. Om ein ikkje reise til dei konkuransane som er slik til at ein må ta fly, så er det no fleire som er i køyreavstand frå Volda og Ørsta.


Komande helg er det ein heil gjeng som reiser til Sogndal for å delta i Vestlandscup i Buldring. Her er det lagt opp til treningssamling i samme slengen, og utøvararne overnattar på folkehøgskulen.


Me takkar Sparebanken 1 Søre Sunnmøre, for støtta i 2022. -Og så hadde det vore kjekt med fleire firma som ville ha vore med å støtte oss -og få landsdekkande reklame- så kan ein ta kontakt med SKK.



116 views0 comments

Recent Posts

See All

Comentarios


bottom of page