Hjårtabygda Austre.png
Hjårtabergja

På folkemunne "gamle Øvstefeltet."

Å finne fram

Køyr rv 651 frå Volda i 15 minutt til skilt Vatne. Ta av der, og køyr opp i Aldalen.

Parker ved hyttefeltet like vest for kvelvingsbrua. Følg «Gamlesætrevegen» mot vest i 5 minutt.

 

Sosialt klatrefelt med triveleg samlingsplass på setrevegen. Grillplass. Det har vore klatra her sidan 1973-74. Mykje brukt som treningsfelt for nybyrjarar.

 

Varierte korte ruter, mest gått på topptau. Hovudveggen vert brukt mykje til rapelltrening og redningsøvingar.

Feltet har 16 ruter opp til 15-20 meter. Vestre del består av hovudveggen med 8 ruter (sjå PDF) rett ved setrevegen.

 

Austre del er litt meir uryddig, knausane ligg litt opp til høgre for hovedfeltet og har litt kortare ruter (sjå PDF).