top of page
Olaselet

Olaselet ligg på Ytre-Standal midt i Sunnmørsalpane og er gratis å bruke for alle medlemmane til Sunnmørsk Klatreklubb.


Dette er eit tilbod vi oppmodar alle våre medlemmar til å bruke.



Fasilitetar

Hytta er utan innlagd vatn eller straum, men
 hytteopplevinga er av tre-stjerners kvalitet! 
Hytta har installert kjøkken (gassbluss), vedomn og stove med benkar for
 overnatting. Ved finn ein i hytta.

Det er god plass til fire personar på hytta.

Er det fleire som skal overnatte, bør ein ha med
 liggeunderlag.



Korleis få tak i nøkkel?
Kontakt Sindre Dimmen på tlf 99696853

 

Kort over Olaset.jpg
Korleis kjem du deg til Olaselet

Fra Ørsta køyrer du over Standaleidet og ned til Store-Standal og utover Hjørundfjorden
 til Ytre-Standal.

 

Her tek du av 
opp mot venstre etter brua og køyrer opp grusvegen gjennom eit gardstun der
 du betalar bompengar (20 kr) for å kome deg til parkeringsplassen.

Alternativt tek du andre vegen fra Festøy fergekai og mot Ytre-Standal.

Det er
 ca. 1,5 km frå parkeringsplassen og opp til hytta på ei fin rås.

Buldrematter

Klubben har fleire buldrematter til utlån. Desse kan ein låne i klatrehallane i Ørsta eller Volda dersom ein er medlem. Du registrerer lånet ditt ved å scanne QR-kode som heng oppslått i hallane.

Rabatt

Som medlem i SKK har ein 20 % rabatt hos Sport 1 Ørsta AS (ved framvising av medlemskort).

Førarbibliotek

 

Klubben har eit førarbibliotek med klatrelitteratur - fritt tilgjengeleg for medlemmar.

Biblioteket finst i klatrehallen i Ørsta. Koda får du utlevert ved å besøke oss i hallen sine opningstider.

_DSC5380.jpg
bottom of page