Search

Frå kilekurs i Aldalen

Updated: Jun 3

Det vart halde introduksjonskurs i kileklatring i Aldalen førre helg, kurshaldar var Jan Vidar Øyen og det var 4 påmelde som deltok på kurset. Kurset gjekk over 3 dagar der formålet var at deltakarane skulle lære å klatre på naturlege sikringar. Det er ikkje første gong Sunnmørsk Klatreklubb held kilekurs, og målet med kursa er at fleire medlemmer skal få kompetansen og moglegheita til å nytte fjella og omgivnadane vi har her på Sunnmøre.


Frå kursdagen var det sikkerheit, klatreteknikk, taulagsrutiner og god klatreskikk som stod i fokus, samt det å ha det hyggeleg i lag utandørs på feltet. Kurset var for dei som har klatra og leda ein del på bolta klippa, men som ønska å ta steget vidare ved å bruke naturlege sikringar for å bane sin "eigen" veg oppover. Det var dirfor lagt fokus på å klatre ruter som ga overskot til plassering av naturlege sikringar (kiler, kammar) og handverket som ligg i kileklatring.


I alt var det eit vellykka kurs med variert vêr, men for det meste solskin. Vi håper fleire medlemmer som ønsker å ta steget vidare med klatring på naturlege sikringar tek kontakt neste gong det vert sett opp eit kilekurs.



34 views0 comments

Recent Posts

See All