top of page
Search

Hallane opne att - men strenge reglar!

Vi har hatt ein grundig gjennomgang med kommuneoverlegane, og opnar no hallane i Ørsta og Volda. Det nye, strenge smittevernreglar vi må forhalde oss til, men vi har i det minste eit tilbod.


Sjå vår driftskoordinator Øyvind forklare nye-reglane


Her er dei nye smittevernreglane:



Aktivitetar:

Eigentrening:

  • Det er påbode med korrekt bruk av munnbind i hallen. Når du klatrar i tauveggen kan du klatre utan. Sikrar og buldrarar samt kvilande skal ha munnbind på.

  • Det er kun folk busette i Ørsta kommune som kan nytte hallen i Ørsta

  • Det er kun folk busette i Volda kommune som kan nytte hallen i Volda

  • Du skal til ei kvar tid halde minimum 2 meter avstand til andre (forutan folk du er i nær-relasjon med)

  • Ikkje-medlemer kan klatre saman med medlemer (mot betaling)

  • Maks tal på personar i hallen til ei kvar tid:

    • Klatrehallen i Ørstahallen : 18 personar

    • Volda Campus SpareBank 1 Arena : 12 personar

  • Alle som skal inn i hallen SKAL registrere seg på SKK si bookingside www.sunnmrskklatreklubb.makeplans.no for å få plass i hallen (kun booking 1 døgn fram i tid)

  • Følg anvisingar i hallane om klatre-soner og maks tal på personar i desse!

  • TAUKLATRING: Det skal til ei kvar tid vere 2 LEDIGE bolterekker (ruter) mellom kvart taulag. Det er altså ikkje høve til å ta i bruk ei rute som er mindre enn 2 ledige ruter bort til neste rute som er i bruk av nokon.

Ungdomsgruppa (10-20 år):

  • organisert trening iht smittevernrutinene her

  • maks 10 personar inkl. trenarar (skal vere booka inn i hallen)

  • unntak frå 2m-regelen iht rettleiinga frå Hdir, men stor avstand skal tilstrebast

Open hall: Hallane er stengde for drop-in fram til 12. april

Kurs: Alle kurs er utsette til etter 12. april

Publikumsarrangement: det vil ikkje verte heldt arrangement før evt etter 12. april

Smittevernrutiner:

  1. god hoste- og handhygiene

  2. ingen sjuke er velkomne i hallane

  3. aktiv handvask eller desinfisering av hender (antibac el.) mellom bytte av ruter/klatrar

  4. minimum 2 meter avstand mellom personar

  5. alle som oppheld seg i hallen SKAL booke seg inn med namn på kontaktperson, tal på personar i følget og kva tid som er booka inn via www.sunnmrksklatreklubb.makeplans.no

  6. dagleg reingjering av kontaktflater som rekkverk, dørhandtak, lysbrytarar, pennar m.m.

  7. maksimalt 18 personar (Ørsta) og 12 personar (Volda) i lokalet totalt, men uansett ikkje meir enn kva som er fysisk muleg når ein opprettheld 2m-avstanden. Det er hengt opp rettleiing i hallane om soner og avstand.

  8. det vert hengt opp plakatar med smittevernreglar fleire stader i hallane.

  9. Brot på smittevernreglane kan føre til stenging av hall!


-Styret-

231 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page