Rapport frå “Hesteskohelvete 2025”
- drift319
- Sep 24
- 3 min read
«24 Hours of Horseshoe Hell» er rekna som den første uthaldskonkurransen i utandørs sports- og tradklatring. Denne konkurransen vart første gang arrangert i 2005, på kalksteinsveggane kring Horseshoe Canyon Ranch i det nordvestlige Arkansas. Konkurransen vert framleis arrangert ein gong i året, og er eit viktig innslag på ein av USAs største klatrefestivalar.
I 2015 kom det ut ein film om konkurransen på denne festivalen. Dette førte til at det dåverande styret i Sunnmørsk Klatreklubb vart akutt inspirert til å lage ein tilsvarande konkurranse på Sunnmøre i 2016. Konkurransen vart gjennomført med suksess! Om det var diskontinuitet i styret eller manglande deltakar eller andre faktorar som spelte inn er uvisst, men det vart med dette eine året. Då styret i SKK i slutten av 2024 samla seg for å lage ein årsplan kom det opp at det ville vere gøy å blåse liv i dette arrangementet igjen. Det vart sett ein dato og nedsett ei arbeidsgruppe.
Reglane i årets hesteskohelvete finn du HER. Litt av målet med konkurransen var å få klatrarane til å besøke flest mogleg felt. Difor delte vi ut 50 bonuspoeng per besøkte felt. Det var også eit poeng at klatrarane skulle gå flest mogleg ruter, og skilnaden i poengsum for ei 4+rute og ei 8-rute er difor ganske beskjeden. I tillegg ligg det inne ein del meir kuriøse poengreglar som skal hjelpe til med både marknadsføring og HMS. 8 bonuspoengkort var også plassert ut på ymse felt i førkant, så det gjaldt å vere lang framme i startblokka for å sikre seg desse.
På morgonen dagen før konkurransestart var det 1 lag påmeldt. Utpå dagen tikka det inn ei påmelding til. Utpå kvelden våkna folk til, og ved midnatt var vi oppe i 4 lag. Før konkurransemøte klokka 18:30 på fredagen hadde det tikka inn 3 lag til, og i løpet av gjennomgangen før konkurransestart var vi oppe i heile 9 lag. Det viste seg at to av dei påmeldte laga trakk seg pga det elendige været, men då startskotet gjekk klokka 19:00 var det topp stemning og panisk stramming av selar og rigging av tau.
Dei fleste laga valgte å ta kveldsøkta inne i klatrehallen i Ørsta for å røske med seg så mange rutepoeng som mogleg, medan laget “Mustache Mayhem” strauk på dør og sette kursen mot Nordangsdalen. Dette viste seg å vere ein god strategi for å sanke bonuspoengkort, sidan dette laget enda opp med heile 3 slike og 150 bonuspoeng til slutt.
Volum og mobilitet vart viktig for å trekke i land sigeren i Hesteskohelvete 2025. To Bodøværingar kalla seg “Runout Romantikerne” og var det einaste laget som besøkte heile 8 ulike felt. Dette resulterte i 400 feltpoeng. Når dei i tillegg hadde klatra heile 130 ruter vart det vanskeleg å hamle opp med romantikarane då poenga skulle tellast opp etter målgang på Stødt klokka 19:00 på laurdagskvelden.
Etter 24 timar med klatring og skyssing hit og dit såg poenglista slik ut:
Lagnamn | Klatrarar | Ruter gått | Poeng |
Mustache Mayhem | Sivert Aarflot Eikrem og Kenneth Ryslett Follestad | 97 | 2119 |
Cowboys and pioneers | Astrid Myrhaug & Hedda Johannessen | 50 | 1583 |
Runout Romantikerne | Håvard Solbakken og Regine Alslie | 130 | 2890 |
Pump Patrol | Ørjan Grefstad og Elise Mathilde Hall | 125 | 2258 |
Gud har oss på topptau! | Ingrid Steensland Hoelsæter og Tiril Stangebye-Hansen | 93 | 1738 |
Slitne ferske fastleger | Marie Røra og Gunnar Wang-Haugseth | 29 | 1510 |
InnsLaget | Kristoffer Welter Bergsten og Sofie Mikalsen Arneng | 18 | 1146 |
Deltakarane kunne følge kvarandre sine poengnoteringar undervegs i konkurransen, og for dommarane var det også kjekt å notere seg at det var folk i Toskefloget klokka 01:04 og i Nedstefeltet klokka 01:49 natt til laurdag. Aurstadsvaet fekk også besøk på morgonkvisten, (sikkert for fyrste gong på 20 år) og laget som besøkte dette feltet kunne melde om overraskande fin klatring som dei gjerne vil kome tilbake til når det tørkar opp!
Etter ein uformell premiesermoni vart det lesk og burger på Stødt. Knall mat og fabelaktig scervice. Alt i alt ein braksuksess, så det vert Hesteskohelvete neste år også. Då satsar vi på våren, og på minst 20 påmeldte lag! Sett av helga 28.-30. mai! Kan hende vi endrar namnet til noko meir lokalt også. Vi får sjå. Vel møtt!





























































Comments