top of page
Search

Klatreklubben treng frivillige!

Sunnmørsk klatreklubb er ein medlemsdriven organisasjon som ynskjer å tilby eit stort spekter av tilbod for klatrarar i alle aldrar. I haust kjem vi til å starte opp borneklatregrupper for ungar som går i 1. til 4. klasse. I tillegg satsar vi på at koronaen snart ebbar ut og at vi kan opne for drop-in to dagar i veka i kvar hall. Til begge desse aktivitetane treng vi frivillige!


BORNEKLATRING:

Vi tenkjer å starte opp med ei gruppe i Volda og ei i Ørsta. For å få dette til treng me vaksne som kan stille opp ein gong i veka for å låse ut utstyr frå lageret, sikre og passe på at borna som er med får ei best mogleg oppleving i veggen. Interessa for dette tilbodet er stort, men me er avhengige av litt fleire vaksne som kan stille opp og gjere ein innsats. Vi ynskjer minst 1 vaksen per 4 born. I Volda manglar me ein person og i Ørsta manglar me tre. For å kunne stille som vaksen krev me at du har brattkort og at du kan framlegge obligatorisk politiattest for arbeid med born og unge. Tidsomfang: 1,5 -2 timar i veka. Innsatsen vert kompensert med gratis treningsavgift. Ditt barn er også sikra plass i gruppa om du stiller som fast vaksen.


VAKTER TIL DROP-IN:

Klatrehallen i Volda og Klatrehallen i Ørsta vil gjerne opne for drop-in klatring så snart som råd! Me har nesten på plass alle vaktene me treng, men manglar tre i Volda og tre i Ørsta. Som vakt er oppgåvene relativt varierte. Du skal leige ut utstyr, ta betaling, sikre dei som treng det, kanskje rydde litt, prate med folk og sørge for at du og dei andre i hallen har det triveleg. Du er alltid saman med ei eller to andre vakter, og som ny vert du sett saman med nokon som har erfaring med dette frå før. For å kunne stille som vakt krev me at du har brattkort og at du kan framlegge obligatorisk politiattest for arbeid med born og unge. Tidsomfang: 2 timar i veka. Innsatsen vert kompensert med gratis treningsavgift.


Ta kotakt på epost:

eller ring/sms driftskoordinator

Øyvind Festø på tlf: 90665856




171 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page