top of page
Search

Klatrenytt om Molladalen frå Tore Lundberg

Vener


Etter at 2 store flak (lilla markering, sjå bilete nederst) er fjerna med spett og handemakt i og ved Gullklokka juni ‘23, var eg i tvil om opprinneleg line i ruta var klatrande. Laurdag 8.juli ‘23 var eg oppi der med Kjetil Solbakken og Øystein Dahl for å finne ut av dette og gjere naudsynlege justeringar. Det er crux’et i 2.tl i førar og 3.tl i topo her som er påverka av ‘ryddearbeidet’.


Det nedre flaket som er fjerna, var avlangt og smalt på høgkant mellom Gullvafla og Gullfallet. Øvre del av dette flaket har aldri vore del av nokon av rutene. Nedre delen ga spraisestøtte for venstrefoten opp til og litt forbi 1.bb. No er dette partiet blitt vegg og balanseklatring, og (vanskeleg) sikra med mikro kammar. Frå 1. til 2.bb ga nedre flak layback-støtte for føtene, no er det meir ubalansert layback, 7-. Frå 2. til 3.bb er klatringa med spraising og krimping uendra. Øvre flaket hadde undertak like ved 3.bb og var slutten på cruxet, men no er ein i ubalanse for å klippe 3.bb; 7+. Eg fann ei plassering for den miste av dei miste kammane litt tv for lina mellom 2. og 3.bb så eg kom meg opp A1. Der øvre flaket var er det glatt, men ei tidlegare skjult sprekk tok i mot 2 bladboltar (fb), A1 til botnen av dieder. Desse fb står igjen. Øystein og Kjetil meiner det er friklatrandes tvf brotkanten og tvf for fb’ar via 2 lister ute til venstre. Om ein set ein 4.bb tvf øvre fb og brotkant, vil dette sikre dette nye crux. Vi vurdere dei 3 eksisterande bb’ar som nok sikring av ‘gamle crux’ og ein bb til i ‘nye crux’ som nok sikring. Eg kjem ikkje til å sette inn denne bb, men interesserte står fritt til å gjere det. Eg er nøgd med at ruta framleis er gåande!


Øvre crux i 5.tl er gradert opp til 7, her er crux sikring ein gul alien i ei tverrlomme 1,5m over thf bb. Like over denne er ein diagonal kant mot høgre på eit lite 3-kanta sva. Venstre hand så langt innpå denne kanten som mulig, så opp med beina og dynamisk flytt med høgre hand opp og til høgre. Denne gongen hindra taudrag frå venstre flyten til høgre opp og inn på hylla, og den gule alien stansa ein lenger luftetur.


Eg har lagt om standplassar litt slik at det er stand rett under crux i 3.tl og 5.tl.


ToreL, Moltustranda







162 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page