top of page
Search

Smitteverntiltak vert forlenga til 14.04

Dei nasjonale smittevernsreglane vert forlenga til 14.04, til og med 14.april gjeld desse reglane:


Her er dei nye smittevernreglane:



Aktivitetar:



Eigentrening:


Det er påbode med korrekt bruk av munnbind i hallen. Når du klatrar i tauveggen kan du klatre utan. Sikrar og buldrarar samt kvilande skal ha munnbind på.


Det er kun folk busette i Ørsta kommune som kan nytte hallen i Ørsta


Det er kun folk busette i Volda kommune som kan nytte hallen i Volda


Du skal til ei kvar tid halde minimum 2 meter avstand til andre (forutan folk du er i nær-relasjon med)


Ikkje-medlemer kan klatre saman med medlemer (mot betaling)


Maks tal på personar i hallen til ei kvar tid:


Klatrehallen i Ørstahallen : 18 personar


Volda Campus SpareBank 1 Arena : 12 personar


Alle som skal inn i hallen SKAL registrere seg på SKK si bookingside www.sunnmrskklatreklubb.makeplans.no for å få plass i hallen (kun booking 1 døgn fram i tid)


Følg anvisingar i hallane om klatre-soner og maks tal på personar i desse!


TAUKLATRING: Det skal til ei kvar tid vere 2 LEDIGE bolterekker (ruter) mellom kvart taulag. Det er altså ikkje høve til å ta i bruk ei rute som er mindre enn 2 ledige ruter bort til neste rute som er i bruk av nokon.




Ungdomsgruppa (10-20 år):


organisert trening iht smittevernrutinene her


maks 10 personar inkl. trenarar (skal vere booka inn i hallen)


unntak frå 2m-regelen iht rettleiinga frå Hdir, men stor avstand skal tilstrebast



Open hall: Hallane er stengde for drop-in fram til 14. april



Kurs: Alle kurs er utsette til etter 14. april



Publikumsarrangement: det vil ikkje verte heldt arrangement før evt etter 14. april



Smittevernrutiner:


god hoste- og handhygiene


ingen sjuke er velkomne i hallane


aktiv handvask eller desinfisering av hender (antibac el.) mellom bytte av ruter/klatrar


minimum 2 meter avstand mellom personar


alle som oppheld seg i hallen SKAL booke seg inn med namn på kontaktperson, tal på personar i følget og kva tid som er booka inn via www.sunnmrksklatreklubb.makeplans.no


dagleg reingjering av kontaktflater som rekkverk, dørhandtak, lysbrytarar, pennar m.m.


maksimalt 18 personar (Ørsta) og 12 personar (Volda) i lokalet totalt, men uansett ikkje meir enn kva som er fysisk muleg når ein opprettheld 2m-avstanden. Det er hengt opp rettleiing i hallane om soner og avstand.


det vert hengt opp plakatar med smittevernreglar fleire stader i hallane.


Brot på smittevernreglane kan føre til stenging av hall!




-Styret-

123 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page