top of page
Search

Ungdomsgruppene startar opp!


Torsdag 26. august startar vi opp med to ungdomsgrupper!

Ungdomsgruppene kjem til å vere kvar torsdag, i hovudsak i Ørstahallen.


Den første gruppa er frå klokka 18:00 til 19:30, og heiter “5+”. Denne gruppa er for ungdom frå 5. til 7. klasse. Denne gruppa skal ha fokus på trygg framferd i klatreveggen, klatreteknikk, leik og spenning! I denne gruppa får du både buldre og klatre i tau. Det er eit mål at dei som er med i denne gruppa skal verte trygge på å lede på tau. Deltakarane skal også få øving i å sikre andre under oppsyn frå trenarane.


Den andre gruppa har fått namnet “8+”. Treninga startar klokka 20:00. Gruppa er for ungdom frå 8. klasse og oppover. For å vere med i denne gruppa er det eit krav at du har brattkort eller at du har tenkt å ta dette i løpet av hausten. Med denne gruppa har SKK ein ambisjon om å utvikle eit miljø med unge engasjerte klatrarar som er med på å drive kvarandre framover. 8+gruppa kjem til å ha fokus på teknikk og personleg utvikling, og dei som ynskjer det skal få høve til å reise på konkurransar. Treningane kjem i hovudsak til å vere i Ørsta, men vi kjem også til å nytte Voldahallen og utandørsfelta i området når veret tillet dette.



Medlemskap i Sunnmørsk klatreklubb er eit krav for å delta i ungdomsgruppene. Utover dette er det ingen ekstrakontigent. Ungdomar busett i Volda kommune kan få medlemskapet+treningsavgift til hallane dekka gjennom fritidskort-ordninga.



Trenararne:


Peder Engelstad er hovudtrenar for 5+. Han har akkurat flytta til Sunnmøre frå Fredrikstad der han har jobba på RedPoint klatresenter, hovudsakleg med barneklatring og paraklatring. Peder er utdanna barnehagepedagog og har i tillegg til barnetreningar jobba mykje med rutesetting for barn. Peder er NKF-godkjend trener 1.


Ida Johanne Ringdal er hovudtrenar for 8+. Ho er frå Oslo, har vore ein ivrig buldrar i 4-5 år, og trivs også godt i tau. Har holdt fleire brattkortkurs siste året og har ferskt trener 1 kurs. Ida har budd i Volda i to år, der ho har teke årsstudium i friluftsliv, og er no i gang med barnevernsutdanning.


I tillegg til desse to kjem ungdomane til å møte Jan Vidar Øyen og Martine Olsen, som begge har jobba med klatring for born og ungdom.

290 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page