Avgrensa tilgang til klatring i Dryparfjellet
- drift319
- Jun 23
- 2 min read
Bakgrunn:
Sunnmørsk klatreklubb har fleire klatrefelt og mange klatreruter i området Dryparfjellet og Toskegjølet søraust for Andaneset. Både Naturvernforbundet i Volda og Ørsta og Birdlife M&R mottok for litt sidan ei bekymringsmelding om mogleg konflikt mellom fugl og klatring i området.
Synfaringa:
I starten av synfaringa gjekk ein kort gjennom relevant bakgrunn, m.a. om aktuelt lovverk (Naturmangfaldslova og SKK sine vedtekter) , kva observasjonar som var gjort, kva artar det var tale om og nasjonal og lokal status for desse. Deretter gjekk ein vegen innover og vurderte moglege konflikter.
I området Dryparfjellet vart det konkludert med at det ligg føre konkrete konflikter med hekkande fugl som bør løysast. SKK informerte om at klatring i Dryparfjellet primært er interessant for vinterklatring. Det vart semje om at i dette området bør det ikkje vere ope for klatring i perioden f.o.m. april t.o.m. august. Det vil seie at feltet berre vert ope for klatring i perioden frå september til og med mars.
For klatrerutene ved Toskegjølet er førebels konklusjon at det truleg ikkje er stor konflikt mellom klatring og fugl. Det er likevel ønskeleg å få lokalisert nærare hekkeplass(ar). SKK bør også vere årvakne på å fange opp ev. observasjonar som kan tyde på at fugl vert forstyrra.
Konklusjon:
Det er framleis høve til å klatre på samtlige ruter i Toskefloget, men medlemmer bør melde inn til klubben om dei observerer aktivitet som kan indikere hekkande fugl i fjellsida.
Mix-feltet i Dryparfjellet vert stengt for klatring i perioden 1. april t.o.m. 1.september, jamfør SKK sine vedtekter § 2, kulepunkt 2: "Halde i hevd klatring som friluftsliv etter sunnmørsk tradisjon, med særleg vekt på å ta vare på den særeigne sunnmørske naturen og å etterlate så få spor som mogeleg. For retningslinjer om bolting og tilkomst i regionen, sjå Sunnmørsk Klattreklubb sitt dokument om bolting for retningslinjer knytt til dette."





Comments