top of page
Search

Barneklatring!

Barneklatringa i Siloen var i si tid eit kjempepopulært tilbod som mange nytta seg av. No børstar vi kalken av barneklatringa og startar opp med tilbod i både Volda og Ørsta. Oppstart i Volda er tysdag 31. august. I Ørsta er oppstarten onsdag 8. september. Tidspunktet er 16:30 - 18:00 for begge gruppene.


Barneklatringa er eit tilbod for born i 1.-4.klasse. Det vert klatring både på tau og i buldreveggen. Målet med desse gruppene er at deltakarane skal oppleve meistring og klatreglede saman med born på samme alder.




Vi ser det som ein stor fordel om føresette er med borna på aktiviteten, og vi treng fleire vaksne som ynskjer å stille opp på fast basis. Ta kontakt med driftskoordinator Øyvind på drift@sunnmorsk-klatreklubb.no om dette er noko du som er føresett kunne tenkje deg å stille opp på. For faste foreldrevakter spanderer vi treningsavgift.




313 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page