top of page
Search

BULDREBORD 2022

Laurdag 10. desember er omskruinga av buldringa i Ørsta klar, og det er duka for buldrebord 2022!


Buldrebord har blitt in tradisjonsrik konkurranse i SKK. Hovudmålet er julestemning og det sosiale, blanda med ferske buldreproblem og vennskapeleg konkurranse. Det vert ei deltakaravgift på 50,- som går til innkjøp av gløgg, premiar og pepperkaker. Konkurransen startar klokka 12:00 og avsluttast klokka 17:00. Deltakarar får utdelt scorecard og held sjølve orden på kor mange problem som er gått -og på kor mange forsøk. Ingen aldesklassar og trange tidsfristar. Alle får 5 timar til rådigheit. Problema vert tydeleg nummererte, men ikkje graderte. Kjempetips: Kjem du tidleg får du best friksjon.


Det kjem til å vere mange uttrekkspremiar i tillegg til premie for beste dame og beste herre, så alle som stiller har gode vinnersjansar.


Registrering ved oppmøte.



193 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page