top of page
Search

Drop-in klatring tek sommerferie

Utesesongen er i full gong og drop-in klatring som vi har tilbyd for ikkje-medlemmar gjennom vinteren tar ein sommarpause. Torsdag førre veke var siste dag vi tilbode drop-in klatring, før vi startar opp igjen i haust. Vi vil takka alle i vaktordninga som har stilt opp gjennom vinteren for å skapa eit supert tilbod til dei som har prøvd klatring, og dessutan bidratt til eit godt miljø i hallane. Frå og med 15.05.2022 vil det ikkje være vaktordning i hallane.


For ikkje-medlemmar som framleis ynskje å ta del i klatremiljøet på Sunnmøre er det mogleg å melda seg inn i klubben og nytta hallar og medlemsfordeler fritt og gjennom sommaren. Link til innmelding i klubben: https://app.rubic.no/Account/signup?organizationID=19025#/form/profile :)


Til medlemmer: No som det er tørr stein ute, er det absolutt beste alternativet å ta turen ut😊 Vi i Sunnmørsk Klatreklubb ynskje alle ein god sesong med opplevingar i veggen! Vi tilbyr utlån av klatre førar gjennom førarbiblioteket vårt i Ørstahallen og for dei som føretrekker å buldra har vi utlån av buldrepad i begge hallane våre. Info om dette finn de i hallane. (Medlemmar med nøkkelkort vil kunne bruke hall som før)




204 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page