Sidan covid19 har begynt å blomstre opp igjen i nærområdet, vil vi minne medlemmar om at alle må bidra til å oppretthalde godt smittevern i klatrehallen.
Vi ønsker at alle skal halde seg friske, og at vi kan halde fram med å halde hallen open for medlemmane vora. Det er mange som møter opp til drop in klatring, dette er sjølvsagt utruleg kjekt, men vi må halde oss til smittevernsreglane.
Dette inneber
Maks 62 personer i hallen, men mindre dersom det ikkje er muleg å halde 1m avstand med så mange besøkande.
Ta med minst mogleg antal personar, dersom de har familiemedlemmar som ikkje skal klatre/sikre, ber vi om at desse ikkje kjem til klatrehallen dersom det er mogleg.
Ikkje møt dersom du er sjuk!
ALLE må registrere seg i boka med namn, tid for ankomst og avreise. Også dei som ikkje klatrar/sikrar
Handhygiene før/under/etter besøk i klatrehallen. Spesielt mellom klatreruter, vegg/buldrehole osv.
Hald 1 meters avstand til andre
Personar i nærrelasjon er unnateke 1-metersregelen.
Les dokumentet «Rettleiing for smittevern», dette vert hengt opp fleire stadar i hallen. I tillegg vert det lagt ved dette innlegget som pdf.
Betal helst med vipps
Vi ber medlemmar hjelpe oss å utføre dagleg vask av klatrehallen, skjema med instruks står ved inngangen.
Comments