Styret i Sunnmørsk Klatreklubb har tilsett Øyvind Festø som driftskoordinator.
Øyvind Festø har brei og lang yrkeserfaring som lærar, samt frå politikken og administrativt organisasjonsarbeid. Han kjenner godt til Sunnmørsk Klatreklubb og har også vore styremedlem i ei periode.
- Vi er svært fornøgde med at Øyvind takka ja til denne stillinga, og styret ser fram til eit godt og spennande samarbeid, seier Daniel Garden, styreleiar i Sunnmørsk Klatreklubb.
Stillinga som driftskoordinator er i første omgang ei fast stilling på 50%.
Øyvind startar i jobben 1. februar og vil i første omgang bruke tid på å sette seg inn i klubben sine aktivitetar. Han vil etter kvart ta over ein del av arbeidsoppgåvene til styremedlemmane.

Comments