top of page
Search

Informasjon om lysbildesamlinga på Standalhytta 2022

Vi ynskjer å halde lysbildesammlinga slik ho er sett opp frå 5. - 6 februar. I år fører dette med seg nokre retningslinjer sidan vi står i ein pandemi. I første omgang ber vi om bidrag frå dei som vil dele bilete og klatrehistorier med eit tilbakeblikk på 2020-2021. Vi ber derfor om at dei som ynskjer å dele, sender ein mail til drift@sunnmorsk-klatreklubb.no (Øyvind Festø). Skriv ei kort skildring av kva du ynskjer å vise under lysbildesamlinga. Alle er velkommene til å dele sine klatrehistorier og bilete, men om det vert mange interesserte må vi gjere ei utsiling :)


Vi opnar ikkje for påmelding endå! Meir informasjon om påmelding og organiering vil kome den næraste tida. Grunnen til det er at vi vil prøve å få gjennomført med dagens smittevernreglar. -Med dette fører omsyn til antall menneske vi kan ha i lokalet og avstandskrav utan tilviste sitteplassar.

Frå tidlegare veit vi at dette er eit populært arrangemet, og at det har vore stor etterspørsel etter å delta Vi jobbar med å lage ein plan for gjennomføringa så vi kan halde smittevensreglene og gjennomføre arrangementet. Vidare informasjon om påmelding vil derfor kome på heimesida og facebooksidene snart.

230 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page